Støtt opp om lokalt næringsliv etter korona!

Ikkje mange av oss har opplevd liknaden tidlegare. Då koronaen kom til Noreg, vart liva våra brått snudd opp ned og det på dagen; skular, barnehagar og nokre næringar måtte stenge ned.

Foto: Pexels

Harald Nyland (20)

01.05.20

Mer om Harald Nyland
1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre
Dette resulterte i at mange tilsette vart permittert, samstundes opplevde mange små og mellomstore verksemder å mista omsetninga si brått. Konsekvensane er at mange står på randen av konkurs. Då er det bra at både regjeringa og Stortinget samarbeida godt, slik at vi fekk laga krisepakkar til verksemder som er hardt råka.
Når det er strenge restriksjonar på reise, både i næring og privat, medfører dette store konsekvensar for reiselivsnæringa og hotellbransjen. NHO har kartlagt at omtrent seks av ti reiselivsbedrifter frykter at dei må slå seg sjølv konkurs, sidan det er ingen som reiser lengre. Det dette burde sei oss, er at no er tida komet for å legge ferieplanane til Noreg.

Foto: Privat/Pexels

Det vil ta tid før alt har stabilisert seg til slik det ein gong var. Korona har og gjort det slik at vi ikkje får reise fritt mellom landa, men dette gjev oss ein gylden moglegheit. Vi kan feriere i vårt eiga land! Noreg er eit flott land, som har mykje å tilby. Uavhengig om du likar fjellet, fjorden eller berre bylivet. Det norske næringslivet treng oss no, difor er det bra at vi legg ferien vår til heimlandet i sommar. Slik at det lokale reiselivet, hotella og restaurantane kan bestå etter korona. Noko som er viktig, sidan det genererer verdiar inn til samfunnet og sysselsette mange menneske.

Besøk nokre plassar du ikkje har vert endå og legg igjen nokre pengar hjå det lokale næringslivet, slik at dei også får ein jobb å gå til når krisa er ferdig. Moglegheitene er mange, sidan du kan besøke alt i frå Lindesnes i sør og Nordkapp i nord. Næringsministeren har opna opp for at Innovasjon Norge kan bruke sine 170 millionar kr, som er øyremerket til reiseliv, for å marknadsføre Noreg som eit attraktivt reisemål. Dette er bra, både for verksemdene og oss. Sidan vi kanskje no får oppleve Noreg på ein heilt anna måte. Vi har saman stått i lag for å få korona-pandemien under kontroll, no må vi stå samla for å redde det lokale næringslivet!

Har du fått med deg disse?

Den fattige studenten burde vært utdatert

Den fattige studenten burde vært utdatert

Så lenge jeg kan huske har jeg blitt fortalt at studenter er fattige. Som student skal man visst nok være fattig, og det er visst nok greit, siden det bygger karakter.

Det er jo ingen grunn til å hviske!

Det er jo ingen grunn til å hviske!

Psykiske plager er ikke noe en skal føle skam over. Tvert imot bør en føle stolthet over at man erkjenner at man har et problem, og at man i en vanskelig tid tørr å søke hjelp.

Kriser kan også være vendepunkt

Kriser kan også være vendepunkt

Dessverre kan man ikke tilpasse alle løsninger til den gamle normalen. Vi er nødt til å utfordre samfunnet og vårt eget syn og se helhetlig.

>

Share This

Share this post with your friends!