Generasjon student

Året er 1962. Min bestefar er nyleg konfirmert, og dermed blitt vaksen. Han grublar lite over å ta eit friår, folkehøgskule eller universitet. Ikkje fordi han berre er femten og livet ikkje har satt sine høge forventingar til utdanning endå, men fordi han allereie skal ut i arbeid. Tankbåten Hallanger står klar til å ta han med verda rundt. Nærmare to år med hardt arbeid var i vente for maskinguten, Edmund.

Foto: Pexels

Ina Brendø (18)

01.05.20

Mer om Ina Brendø
Medlem av Sogn og Fjordane Unge Høgre

Foreldregenerasjonen vår hadde heller ikkje ein faststsatt tankegang om at studie var det garanterte skrittet vidare. Det var enklare å gå rett ut i jobb, ein kom langt med den kompetansen ein hadde frå byrjinga i yrket sitt og vart i dei same arbeidsoppgåvene gjennom tiår. Dei går no likevel i møte med ei framtid der dei heile tida må utdanne seg, og det kjem vår generasjon til å arve.

Arbeidslivet vil bli sterkt prega av automatisering og den mykje omtalte digitaliseringa. Utviklinga i dagens samfunn går i eit tempo som få kan følge med på. Jobbane våre vil konstant vere i endring og vi vil stadig trenge påfyll av kunnskap og kompetanse. Regjeringa sin kompetansereform «Lære heile livet» står endeleg klar. Den gir einskildindividet og næringslivet moglegheit til å omstille seg raskare, tilpasse seg utviklinga og gjere seg konkurransedyktige på marknaden. Utdanning og kompetanse blir lettare tilgjengeleg for alle, uavhengig av livssituasjon. Eit tiltak er å fjerne kravet om minstelengde på fagskuleutdanningar for å opne opp for dei som ikkje kan binde seg til eit lengre utdanningsløp.

Foto: Privat/Pexels

Vår generasjon må førebu oss på eit arbeidsliv som evige studentar og kompetansereforma er eit steg for tilrettelegging av den kvardagen. Vi må stå lengre i arbeidslivet og vere rusta til å kunne løyse nye problemstillingar til ei kvar tid. Difor legg den nye skulereforma opp til at alle elevar skal lære seg å lære, lære å fordjupe seg og lære kritisk tenking. Vi må tenke innovativt og stå klar til å ta og skape jobbar som ikkje eksistera i dag. I tillegg skal skulekvardagen gi elevane betre grunnlag for å reflektere, være skapande, utforskande og kreative. Det vil gjere oss rusta til å kunne leve som evige, friske studentar parallelt med etterspurnaden som eiger den store verdien kompetanse.

Dette vil utfordre oss som samfunn til å heile tida tenke nytt. Det å sette seg på den digitale skulebenken samstundes som ein arbeidar kjem til å gi oss ei konstant utvikling og vi vil aldri gå ut på dato. Det vil gjere oss til menneske som alltid er framoverlente, som ser løysingar og som alltid er opne for nye tankar. For å sitere ein kjend filosof «Verkeleg visdom er å vite at ein ikkje veit». Vi blir aldri utlærde og det er ein styrke å vite at ein alltid kan tileigne seg nye tankar, refleksjonar og kunnskap.

Foto: Pexels

Vår generasjon skal løyse dei store utfordringane. Utfordringar vil allereie er kjend med, og utfordringar vi ikkje veit om. Samstundes kjem vil til å utvikle oss til eit samfunn som aldri står i ro. Eit samfunn som alltid ser framover, tenkar nytt og tenkar løysing framfor problem. Vår generasjon vil alltid vere oppdatert, aldri utdatert.

Har du fått med deg disse?

Den fattige studenten burde vært utdatert

Den fattige studenten burde vært utdatert

Så lenge jeg kan huske har jeg blitt fortalt at studenter er fattige. Som student skal man visst nok være fattig, og det er visst nok greit, siden det bygger karakter.

Det er jo ingen grunn til å hviske!

Det er jo ingen grunn til å hviske!

Psykiske plager er ikke noe en skal føle skam over. Tvert imot bør en føle stolthet over at man erkjenner at man har et problem, og at man i en vanskelig tid tørr å søke hjelp.

Kriser kan også være vendepunkt

Kriser kan også være vendepunkt

Dessverre kan man ikke tilpasse alle løsninger til den gamle normalen. Vi er nødt til å utfordre samfunnet og vårt eget syn og se helhetlig.

>

Share This

Share this post with your friends!